Vesentleg og viktig?
Om profesjonsverdiar i journalistkvardagen
| ISBN |
978-82-7147-322-8 |
| Utgivelsesdato |
1. februar 2012 |
| Sider |
281 |
| Utgave |
1 |
| Innbinding |
Limfrest/Lettbind |
| Forfattere |
Audgunn Oltedal |
| Listepris |
kr 379,00 |
| Språk |
Nynorsk |
Kjøp denne boka hos Høyskoleforlaget.no
Korleis tenkjer journalistar om eigne verdiar?
Vinteren 2008 og 2009 intervjua Audgunn Oltedal 29 journalistar i ti nyheitsredaksjonar frå Vadsø i nord til Horten i sør om vesentlegkravet i journalistikken. Svara viser at det rår ei ganske lik oppfatning av kva som kjenneteiknar vesentlege nyheiter. Ingen seier at eigne verdiar ikkje betyr noko for dei val journalisten gjer, men i faglege diskusjonar i redaksjonen er eigne verdiar eit ikkje-tema.
Forfattaren vektlegg transparens. La samfunnsborgaren få kikke deg i korta og sjølv vurdere om du ivaretek yrkets krav til fair behandling, meiner ho. Vekt på det vesentlege, menneskeverd, ytringsfridom, vere kritisk og ubunden, ivareta sanningskravet - dette forstår forfattaren som dei sentrale profesjonsverdiar i journalistyrket.