Forbrukarjournalistikk 2. utgåve

ISBN 978-82-7147-313-6
Utgivelsesdato 1. april 2008
Sider 178
Utgave 1
Innbinding Heftet
Forfattere Egil Sundvor
Listepris kr 339,00
Språk Nynorsk

Kjøp denne boka hos Høyskoleforlaget.no

Ei bok om forbrukarjournalistikk er ei bok om journalistikk. I ei tid der alle er innhaldsleverandørar, er det avgjerande å forstå kva som skil journalistikk frå all anna formidling. Forbrukarjournalistikk er blitt eit viktig tilbod i alle mediehus og skil seg gjerne frå anna journalistisk uttrykksform ved den tydelege måten han vender seg til folk på. Men utviklinga av journalistikken har stått tematisk stille i fleire tiår. Prislappens bakside ligg enno i mørke, og det store bildet manglar. Tida er inne for forbrukarjournalistikkens versjon 2.0.

Omgrepa fleirmedialitet, konvergens og innovasjon har slått rot i mediehusa. Boka ser på om dei nye arbeidsoppgåvene betyr ny journalistikk eller nye muligheiter. Ho prøver å gje eit bilde av kva forbrukarjournalistikk er og består av, og kva fordelar denne journalistikken har i ei digital, fleirmedial tid. Boka trekker også opp den historiske utviklinga av forbrukarjournalistikken på 1950-talet og fram til DU-journalistikken på slutten av 1990-talet. Forståinga av historia er avgjerande for å trå riktig i framtida.

Kurs (5 neste)

Se alle kurs

Aktivitetskalender

Se kalender

Bøker og rapporter

Se alle publikasjoner

Andre nyheter

Se arkiv